Flatbrød

1/2 l grovt sammale speltmjøl (eller kveite)
1 l byggmjøl
1/2 l fint rugmjøl
1 l fint speltmjøl (eller kveite)
2 1/2 ts salt
ca 1, 2 l vatn

Kok opp vatn og la det avkjølast litt. Bland saman alt det tørre og ha det varme vatnet over. Kna deigen godt sammen til den er smidig. Del deigen i 20 like store emner og legg dei tilbake i bakebollen med eit fuktig håndkle over. Då held deigen seg varm og smidig, og blir lettare å kjevle ut.

Kvart emne kjevlast tynt ut og steikast på takke (trinn 6-7), 2-3 minutt på kvar side. Når flatbrødet er ferdig stekt avkjølast det på rist og legg gjerne forsiktig press på bunken av flatbrød slik at dei held seg flate.

Oppbevarast tørt og ikkje i for tett boks.

Brokkolisalat

1 brokkoli
1 liten raudlauk
2-3 dl druer
1,5 dl creme fraiche
0,5 dl majones
2 ss kvitvinseddik
1 ss sukker
salt og pepper

Hakk opp rå brokkoli i passande bitar. Finhakk raudlauken og del druene i to.
Rør saman dressingen og smak den til. Bland alt godt saman.

Alt-i-ett-pai

Til 3-4 personar

Denne paien skulle egentleg bli “Fylte halve poteter”, men når jordepleskallet var så tynt at det sprakk ved koking, måtte planen revurderast og det blei ein alt-i-ett-pai.

ca 1,2 kg jordeple
1 pakke bacon
400 g kjøttdeig
1 lauk
1/2 purre
2-3 sjampinjongar
1 ts turka timian eller 1 kvist frisk timian
1 egg
riven ost

Skrell jordepla og kok dei møre. (Dersom du prøver å lage fylte jordeple, kok jordepla med skallet på. Del i to og grav ut innmaten som du blandar med resten av fyllet.) Finhakk lauk og purre, og steik dette til det blir blankt. Steik også bacon i terningar, soppen i terningar og kjøttdeigen. Bland alt det stekte saman og krydre med salt, pepper og timian.

Mos jordepla og bland i resten av fyllet. Rør i egget til slutt. Ha alt saman i ei smurt ildfast form og ha osten på toppen.

Steikast på 200 grader til osten er gylden. Server med salat og gjerne ein god rømmedressing.

 

Sitronkake

150 g smør
150 g sukker
2 egg
1 sitron
150 g mjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
melis til glasur

Rør smør og sukker kvitt. Tilset eit egg om gongen og ha så i dei tørre ingrediensane. Press sitronen og ha i den silte sitronsafta.
Ha røra i ei lita, smurt form og steik den på 175 °C i 30-45 min. Pass på så den ikkje blir for mørk på toppen, dekk den eventuelt med eit bakepapir mot slutten.

La kaka kjølast ned litt før den kvelvast ut av forma. Kaka er svært laus når den er nystekt.
Ha over melisglasur, kanskje med litt gul konditorfarge i?

Kaka bør oppbevarast kjølig og held seg godt fleire dagar i kjøleskap.

Nanbrød

2,1 dl mjølk
1,5 ss sukker
25 g fersk gjer / 1,5 ts tørr gjær
600 g mjøl
1 ts salt
2 ts bakepulver
4 ss olje
2,5 dl yoghurt

Rør ut gjær og halvparten av sukkeret i lunka mjølk. La dette stå i 20-25 minutt.

Ha mjøl i ein bolle og bland det saman med resten av sukkeret, salt og bakepulver. Lag ei grop i midten og ha i yoghurt, olje og mjølkeblandinga. Kna deigen til den er glatt og hell over 1 ts olje. Dekk bollen til med eit fuktig håndkle og la den stå lunt i ein time.

Varm ovnen til 275 grader (grill). Lag klar steikeplater med bakepapir. Del deigen i 10 emner og kjevle dei ut til ca ½ cm. Steik brøda i ca 2 min, høgt oppe i ovnen, til dei byrjar å blåse seg opp. Ta brettet ut, snu brøda og steik dei vidare til dei får brune flekkar, ca ½ minutt.