Risotto med sopp, asparges og bacon

Som egen middag til 4 personar eller som tilbehør til 6 personar.

ca 1,5 l kyllingkraft
2 middels store lauk
2 kvitlauksfedd
1 ss olje
400 g risottoris
1 dl kvitvin
75 g smør
50-100 g rive parmesan
250 g sopp
1 pakke aspargestopper
100 g bacon
salt, pepper, timian

Varm opp kraft i ein kjele. Denne skal vera på kokepunktet heile tida.

Finhakk lauk og kvitlauk. Varm opp oljen i ei gryte og fres lauken i et par minuttar på middels varme, ha så i kvitlauk og la det surre eit par minutt til. Ha i risen og skru opp varmen litt. Steik risen i 2-3 minutt medan du røre heile tida. Skru ned varmen dersom risen byrjar å bli brun.

Ha så i kvitvin og la denne koke inn medan du rører. Når vinen er koka inn heller du over ei ause med varm kraft og fortset å røre. Det skal bare småkoke, så skru ned varmen om det  fosskokar. Fortset å ha i litt og litt kraft heilt til risen er mør, bruk så mykje kraft som er nødvendig. Det må rørast jevnt under heile koketida.

Når risen er mør tar du gryta av varmen og rører inn smør og parmesan. Smak til med salt, peppe og timian.

Bacon og sopp i bitar steikast ferdig på forhånd og asparges delast i mindre bitar og kokast i 1-2 minutt. Rør dette forsiktig inn i risottoen før servering.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>