Alt-i-ett-pai

Til 3-4 personar

Denne paien skulle egentleg bli “Fylte halve poteter”, men når jordepleskallet var så tynt at det sprakk ved koking, måtte planen revurderast og det blei ein alt-i-ett-pai.

ca 1,2 kg jordeple
1 pakke bacon
400 g kjøttdeig
1 lauk
1/2 purre
2-3 sjampinjongar
1 ts turka timian eller 1 kvist frisk timian
1 egg
riven ost

Skrell jordepla og kok dei møre. (Dersom du prøver å lage fylte jordeple, kok jordepla med skallet på. Del i to og grav ut innmaten som du blandar med resten av fyllet.) Finhakk lauk og purre, og steik dette til det blir blankt. Steik også bacon i terningar, soppen i terningar og kjøttdeigen. Bland alt det stekte saman og krydre med salt, pepper og timian.

Mos jordepla og bland i resten av fyllet. Rør i egget til slutt. Ha alt saman i ei smurt ildfast form og ha osten på toppen.

Steikast på 200 grader til osten er gylden. Server med salat og gjerne ein god rømmedressing.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>