Sjokoladekake med firkløverglasur

500 g sukker
3 egg
220 g smelta, avkjølt smør
450 g mjøl
2 ts vaniljesukker
3 ts natron
6 dl kefir
6 ss kakao

Lag eggedosis av egg og sukker, og bland i resten av ingrediensane til ei glatt røre. Ha røra i ei smurt, stor langpanne og sett den midt i ovnen. Steikast på 180 grader i ca 35 min.
Medan kaka steikar kan du lage glasuren, for den må avkjølast litt før du har den på kaka.

Glasur:
1 kopp kremfløte
2 koppar sukker
1 kopp smør
1 stor plate firkløver (eller mjølkesjokolade)

Kok opp smør, sukker og fløte. Rør heile tida og ta kjelen av plata når den har kokt opp. Rør inn sjokoladebitar til sjokoladen har smelta. La glasuren avkjølast litt før du har den på kaka.

Sjokolademuffins

2 store egg
2,5 dl sukker
1,5 ts vaniljesukker
1 kryddermål salt
4 ss kakao
1,5 dl mjøl
100 g smelta smør

Pisk eggedosis og rør inn dei andre ingrediensane.

Fordel deigen i muffinsformer og steik dei i 15-20 minuttar på 160 grader. Dei er ferdige når dei har fått tørr overflate og byrjar å sprekke opp.

Denne oppskrifta passar også godt til brownies i langpanne. Lag då dobbel porsjon og skift ut kakaoen med 200 gram kokesjokolade. Smelt sjokoladen saman med smøret. Fordel røra i ei lita langpanne med bakepapir. Steiketida må også utvidast til ca 40-50 minuttar.

Sitronkake

150 g smør
150 g sukker
2 egg
1 sitron
150 g mjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
melis til glasur

Rør smør og sukker kvitt. Tilset eit egg om gongen og ha så i dei tørre ingrediensane. Press sitronen og ha i den silte sitronsafta.
Ha røra i ei lita, smurt form og steik den på 175 °C i 30-45 min. Pass på så den ikkje blir for mørk på toppen, dekk den eventuelt med eit bakepapir mot slutten.

La kaka kjølast ned litt før den kvelvast ut av forma. Kaka er svært laus når den er nystekt.
Ha over melisglasur, kanskje med litt gul konditorfarge i?

Kaka bør oppbevarast kjølig og held seg godt fleire dagar i kjøleskap.