Boeuf Bourguignon

Til 4 personar

600 g storfekjøtt
4 dl raudvin
3 dl kjøttkraft
1 laurbærblad
1 ts tørka timian
2 store gulrøter
10 sjalottlauk
150 g bacon
200 g sopp

 

Skjær kjøttet i terningar. Brun det raskt i ei panne med litt smør.
Ikkje brun for mange bitar om gongen.
Ha alt kjøttet i ei gryte og dryss over salt og pepper.
Hell over raudvin og kjøttkraft og ha i laurbærblad og timian.
Kok forsiktig opp og la det småkoke i ca 30 minutt.
Skrell gulrøter og skjær dei i skiver.
Del sjalottlauken i grove bitar dersom dei er svært store.
Ha det oppi gryta og la det koke i 30 minuttar til,
eller til kjøttet er mørt. Smak til med salt og pepper, og eventuelt litt sukker.
Dersom vinen og gulrøtene ikkje er så søte, kan det trengast litt sukker for å bryte smaken.
Del opp soppen og bacon i bitar og brun dette i panna.
Legg det på toppen av gryta rett før servering.

Server med koka jordeple.