Sjokoladekake med firkløverglasur

500 g sukker
3 egg
220 g smelta, avkjølt smør
450 g mjøl
2 ts vaniljesukker
3 ts natron
6 dl kefir
6 ss kakao

Lag eggedosis av egg og sukker, og bland i resten av ingrediensane til ei glatt røre. Ha røra i ei smurt, stor langpanne og sett den midt i ovnen. Steikast på 180 grader i ca 35 min.
Medan kaka steikar kan du lage glasuren, for den må avkjølast litt før du har den på kaka.

Glasur:
1 kopp kremfløte
2 koppar sukker
1 kopp smør
1 stor plate firkløver (eller mjølkesjokolade)

Kok opp smør, sukker og fløte. Rør heile tida og ta kjelen av plata når den har kokt opp. Rør inn sjokoladebitar til sjokoladen har smelta. La glasuren avkjølast litt før du har den på kaka.

Kylling i kvitvin og fløte

Til 4-6 personar

1- 1,2 kg kyllingfilet
1 stor bunt vårlauk
ca 400 gram sjampinjong
3 dl kvitvin
1 fløteputt
2-3 kvistar frisk timian eller 1 ts tørka

Del kyllingfiletane i 2 eller 3 bitar og brun dei lett i litt smør. Krydre med salt og pepper.
Del soppen i mindre bitar om dei er svært store, små sopp kan vera heile. Brun dei i litt smør. Skyll vårlauken og del dei i grove bitar. Steik vårlauken saman med soppen eit par minuttar.
Ha kylling, sopp, vårlauk og timian i ei gryte og hell over kvitvin. La det småkoke i ca ein time. Ha så i fløten og kok forsiktig opp igjen. Smak til med salt og pepper.

Server med jordeplemos eller ris.

Sjokolademuffins

2 store egg
2,5 dl sukker
1,5 ts vaniljesukker
1 kryddermål salt
4 ss kakao
1,5 dl mjøl
100 g smelta smør

Pisk eggedosis og rør inn dei andre ingrediensane.

Fordel deigen i muffinsformer og steik dei i 15-20 minuttar på 160 grader. Dei er ferdige når dei har fått tørr overflate og byrjar å sprekke opp.

Denne oppskrifta passar også godt til brownies i langpanne. Lag då dobbel porsjon og skift ut kakaoen med 200 gram kokesjokolade. Smelt sjokoladen saman med smøret. Fordel røra i ei lita langpanne med bakepapir. Steiketida må også utvidast til ca 40-50 minuttar.

Røykt fisk i ovn

Til 2 personar

500-600 g røykt kvit fisk
4 vårlauk
1 kvitlauksfedd
1 pakke cherrytomater
2 ss smelta smør
1 ss finhakka friske urter, f.eks oregano, graslauk, persille, basilikum eller anna

Vatne ut fisken i ein halv time før den skal brukast, viss ikkje kan den bli litt for salt.
Legg fiskefiletane i eit ovnfast fat. Ha over finhakka vårlauk og heile cherrytomater. Rør finhakka kvitlauk og urter inn i smøret, og drypp dette over fisken.
Steikast på 200 grader i ca 20 minutt. Dekk fatet med folie dersom det byrjar å bli brent.

Serverast med ris eller jordeple.

Risotto med sopp, asparges og bacon

Som egen middag til 4 personar eller som tilbehør til 6 personar.

ca 1,5 l kyllingkraft
2 middels store lauk
2 kvitlauksfedd
1 ss olje
400 g risottoris
1 dl kvitvin
75 g smør
50-100 g rive parmesan
250 g sopp
1 pakke aspargestopper
100 g bacon
salt, pepper, timian

Varm opp kraft i ein kjele. Denne skal vera på kokepunktet heile tida.

Finhakk lauk og kvitlauk. Varm opp oljen i ei gryte og fres lauken i et par minuttar på middels varme, ha så i kvitlauk og la det surre eit par minutt til. Ha i risen og skru opp varmen litt. Steik risen i 2-3 minutt medan du røre heile tida. Skru ned varmen dersom risen byrjar å bli brun.

Ha så i kvitvin og la denne koke inn medan du rører. Når vinen er koka inn heller du over ei ause med varm kraft og fortset å røre. Det skal bare småkoke, så skru ned varmen om det  fosskokar. Fortset å ha i litt og litt kraft heilt til risen er mør, bruk så mykje kraft som er nødvendig. Det må rørast jevnt under heile koketida.

Når risen er mør tar du gryta av varmen og rører inn smør og parmesan. Smak til med salt, peppe og timian.

Bacon og sopp i bitar steikast ferdig på forhånd og asparges delast i mindre bitar og kokast i 1-2 minutt. Rør dette forsiktig inn i risottoen før servering.